Hallvard
Arneson Ellestad Bergh
(1850-1922)

Fødd: 1.desember 1850 Gol,
Hallingdal
Døydde:
25. april 1922 Lomen,
Vestre Slidre, Valdres
Hallvard
Bergh kom
til verda på Espedokken i Gol og fekk døypenamnet
Halvor etter bestefaren. Faren
var bonde og handelsmann Arne Hallvorson Bergh og mori Liv T. Haugen. Dei flytte til garden
Ellestad i Lomen i
Valdres då Hallvard var 6-7 år gammal.
Hallvard
tok eksamen
ved Lands lærarskule 1867. Snart tok utferdstrongen over, og
han reiste over
til Amerika. Han vart lærar og kyrkjesongar i Wisonsin nokre
år, og tok studenteksamen
frå Lutheran College i Decorah i USA i 1876. Her fekk han ein
helseknekk, reiste
attende til Noreg, og vart lærar i heimbygda Lomen i Valdres.
Hallvard Bergh vart
forfattar. Mest kjend vart han som barnebokforfattar. Den mest kjende
boka
hans, ”Ferdi til verdsens ende”, vart omsett til
fleire andre språk. Ho vart
opphavleg skriven på valdres-dialekt, omsett til
både dansk og nynorsk her i
landet og elles til både finsk, svensk, islandsk, tysk og
engelsk. Hallvard
Bergh var og ein ihuga
folkeminnesamlar, og har gjeve kulturhistoriske bilete både
frå Amerika og
Noreg. Han skreiv også lyriske dikt. Stundom bruka han
psevdonymet: ”H. Høyne”
etter staden han busette seg på.
Hallvard Bergh er
representert med ein salme i Nynorsk salmebok, nr 322.
Utgjevingar:
- Segner
fraa Bygdom IV (1879)
- Reise
te versens ende (1889) -> Ferdi til verdsens ende (1905)
- Hvordan
Marie sankede pengene (1889) -> Dokkesjaa (1912)
- Fraa
fjord og lid og fjell (1903)
- Norske
dikt i utval (1912)
Salmar:
- Å,
til Himmelen eg stundar!
Kjelder:
Tilbake
til hovedsiden
|