Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Arnt Peter Olaus Jensen Eikremsvik

(1875-1900)

Fødd: 20 mai 1875 i Eikremsvik i Borgund på Sunnmøre

Døydde: 2. februar 1900 i Eikremsvik i Borgund av strupetæring

Gravlagd: 7. februar 1900 i Borgund.

 

Arnt Jensen Eikremsvik var son til gardbrukar Jens Jensen Vigen, også kalla Jens Jensen Roti, frå Nordfjordeid og kona Oline Kolbeinsdotter Eikremsvik. Arnt var den yngste av dei 7 borna deira. 

Alt i folkeskulen vart Arnt synt tillit til ved at fekk spela, syngja og vera lærar for kameratane sine. Tidleg lærde han seg notar, og han og broren Karl lærde ungdomane å syngja fleirstemt. 

Straks etter konfirmasjonen kom han i teneste på Vigra, og her pådrog han seg sjukdommen giktfeber som gjorde han helselaus. Han vart sengeliggjande i fleire år, men kom seg etter kvart såpass at han kunne gå med to stavar.

Frå 1896-1897 gjekk han på førebuingskurset på seminaret i Volda, der han mellom anna vart kjend med Anders Vassbotn. På grunn av helsa fekk han ingen eksamen, men han søkte lærarstilling i småskulen i heimbygda. Den fekk han ikkje, noko som vart eit stort vonbrot for han. 

No vart det songen og musikken han ofra seg mest for, og det friviljuge arbeidet med målsak og ungdomsarbeid. Diktarhugen vakna, og han skreiv litt i eit frilyndt ungdoms- og målblad som heitte Heimhug. Her er det samla det han har skrive av prosa og lyrikk. Han komponerte og nokre melodiar, men desse er truleg gått tapt.

Etter ein kald fisketur, vart han mållaus, og dette utvikla seg til strupetuberkulose som etter kvart enda dagane hans her på jord. Han vart berre 24 år gammal. Både Anders Vassbotn og Anders Hovden laga minnedikt om han. 17.mai 1975 vart det reist eit minnesmerke over han ved Måseide skule i Sula kommune.

 Salmar:

  1. Det høyrest sus av vengjeslag

Kjelder:

  • Eikremsvik, Heidi og Terje Aarset: Arnt Eikremsvik. Det høyrest sus av vengjeslag. Dikt og prosa. Egset trykk, Volda, 1983. Inneheld og ”Salmediktaren frå Sulalandet” av Ludvik N. Holstad (1968)
  • Kyrkjebøker for Borgund på nett

Tilbake til hovudsida





  Leif Haugen

Bricksite.com