Vår einaste tilflukt,
vår tryggaste borg
Tekst:
Mons Arset (1866-1937) i ”Songar for
sundagsskule og uppbyggingsmøte” (1906)
Melodi: Christian Cappelen, 1894
(Min lodd
falt
mig liflig)
Vår einaste tilflukt,
vår tryggaste borg
Er Jesus, vår
Frelsar, i naud og i sorg.
Han vaker i myrker, i
liding og gråt,
Han styrer i stormar
og brotsjø vår båt.
Han styrer i stormar
og brotsjø vår båt.
Vår
stød vil han vera
i starv og i strid
Og hjelpa oss rett
til å nøyta vår tid,
So hugfast me alltid
må fylgja hans spor
Og gjera vår
gjerning
med truskap på jord,
Og gjera vår
gjerning
med truskap på jord.
Og ber me til husar
ei blømande grein,
Og ryd me or vegen
ein støytande stein,
Om då inga
takksemd
me her kan få sjå,
For Herren me levde
’kje
fåfengt endå,
For Herren me levde
’kje fåfengt endå.
Og turka me
tårer av bleiknande kinn,
Og gav me litt gleda til
nedbøygde sinn,
So lyser vårt
liv av den heilage eld
Med fred frå
vår Herre ved solegladskveld,
Med fred frå
vår Herre ved solegladskveld.
Tilbake til hovudsida
|