Våren er vel
ljos
og fin
Kvitsunkvelden
Tekst:
Hans A. Mo, 1867. Prenta fyrste gong i Ferdamannen.
Eit Vikoblad aat
Aalmugen.
no 25 og 26. II. Aarg. Laugardagen dan
8de April
1867. Etter ei elektronisk
utgåve 2003 ved Jon Grepstad. Omarbeidd av Vilhelm
Gravdal 2008.
Tone:
Våren er vel ljos og fin,
Jordi opp av dvalen vaknar.
Soli gjev so ljuvt
eit skin,
og den kalde stormen spaknar.
Men endå
i mangt eit sinn
Våren vil ei flytta inn.
Her
er sut for dagleg braud,
der ein modlaus
gjeng og sukkar.
Ein med tanken på si naud
stendigt
på sin lagnad pukkar;
jamvel og i last og skam
fer
den agelause fram.
Kom
då, kom, du Sannleiks And!
Kom med hjelp og trøyst
og gleda;
Hjarto
kveik i heilag brand,
til dei kvitsunsalmar
kveda,
dei som ute frå sin barm
stengde
Nådesoli varm.
Syndi
ligg uti vårt brjost
liksom løynde
skjer og vandar.
Auga kan ei skilja ljost
før du på vårt hjarta andar.
Du
kan gjera
natt til dag
med ditt varme andedrag.
Gud!
Giv oss vår kvitsunkveld,
lat du soli på oss skina.
Send i hugen heilag
eld,
som kan is or hjarta
tina.
Lat kvar tunga løysa
seg
i ei kvitsunbøn
til deg!
Kjelde/original
tekst: Ivar
Aasen-tunet