|
Når
David
slo harpa, då var han so sæl
(Den heilage Sångjen)
Når David slo
harpa, då var han so sæl,
Og Saul, han av songen
fekk lisa.
Gud gjeve og unne meg
det var so vel
Eg Herren av hjarta fekk
prisa,
So folket med meg
Det kjende på
seg:
D' er godt kveda Herren
ei visa.
I fedrane stova
når kvelden var long,
Då livde vel
song inn med åren,
Og fagert og hjartleg i
gleda og trong
Dei song liksom fuglen
um våren.
Då lova dei
Krist;
Det grønkast
på kvist,
Og songen av Anden var
boren.
Gud give eg kunde
på fedrane mål
Den heilage songen
få kveda,
So det kunde kjennast i
hjarta og sål,
Og varmt våre
tonar fekk beda;
Då vart det
vel kor
Når harpa her
nord
Fekk tolka den reinaste
gleda.
Me stundar på
kvitsunn, den venaste tid,
Då veret skal
yver oss susa.
Då fuglen skal
syngja so fagert i lid,
Då harpa for
Herren skal brusa
Med fagraste ljod,
Med tungor som glod,
Og bjørkelauv
kyrkja skal krusa.
Enn sit me i
snø og i sludd under fjell,
Men våren skal
greinene rista.
Um ikkje det hender fyrr
eg er i mold,
Eg gleda meg skal i mi
kista
Når
Guds-songen ny
Seg lyfter i sky,
Og kvitsunnlauv sprett
uppå kviste.
T:
Jørund Telnes i diktsamlinga Kvæe, 1878.
M: Folketone
frå Vest-Agder (No koma Guds englar).
S: Nynorsk
Salmebok nr 670
K: Melodiboken
II / Kristen Sang og Musikk (1965)
Tilbake
til hovudsida
|
|
|