Mons Anton Arset (1866-1937)

Fødd:
7. juni 1866 på garden
Arset, Sør-Brandal i Sande på Sunnmøre
Døydde: 10. mai 1937 i Rovde, Sunnmøre
Gravlagd: 15. mai 1937 på Åram
kykjegard i Rovde
i Vanylven, Sunnmøre
Foreldra til Mons
Arset var gardbrukar Andreas Monsen Arset og kona Anne Pauline
Amundsdotter
fødd Sundsnes. Dei skapte ein kristen heim og hadde
interesser for misjonen.
Mons var eldstemann i syskenflokken. I unge år gjekk Mons
på fylkesskule, og i
1885 tok han lærareksamen ved Stord lærarskule.
Mons Arset var nokre
år lærar i Sirdal, på
Kvamsøya, i Hallebygda og ei kort tid ved Voldens
Høyere
Almueskole. I 1889 fekk han så lærarpost i
heimbygda, og her var han lærar i
Sør-Brandal og Voksa krinsar fram til han gjekk av etter
oppnådd aldersgrense.
Han hadde og stillinga som kyrkjesongar og dreiv farsgarden
på Arset.
Mons Arset hadde ei
poetisk åre, og skreiv ein del. På grunn av helsa
kunne han ikkje delta i hardt
gardsarbeid, og fekk soleis tid til å skriva. Det som skin
klårt fram i
diktinga hans er kjærleik til heimen og fedrelandet i pakt
med ei levande
kristentru. Noko av det han skreiv, vart trykt i Stille Stunder og det
kristelege ungdomsbladet Opp og Fram, men ein brann gjorde ende
på manuskripta
hans.
Fleire har tonesett
songane til Mons Arset. Flest melodiar har komponisten Svein
Møller laga. Far
hans hadde Arset som lærar, og han dedikerte melodiane til
far sin i takksemd
over det som var ein del av røtene hans. Andre som har laga
melodiar til
songane hans er Johan H. Grimstad, Ragnar Ørstavik og Magnar
Grøndal. Arset var
representert i Nynorsk salmebok med salmen ”Vår
einaste tilflukt”.
Utgjevingar:
- Salmar
og songar av Mons Arset, Sande kulturstyre, 1978
Salmar
og songar:
- Du lille blomst så skjær
og skjønn
- Eit strå seg tøyer
trutt or mold
- Fred med dei farne fedrar, som her budde
- Guds kjærleik er som det store hav
- Hver gnist av ånd, du
nærte
- Lat oss hugheile
yrket
vårt
driva
- Som bortkomne barnet i
framande grend
- Vår
einaste
tilflukt, vår tryggaste borg
- Å, kan ei
moder gløyma vekk
Kjelder:
- Kristen
Sang og musikk
- Salmar
og songar av Mons Arset, Sande kulturstyre, 1978, med notatar av Magne
Vik Arset
- Nynorsk
Salmebok
- Fottland:
Songbok for ungdomsskulen
- Kyrkjebøker
på
Internett
- Gravminner
i Norge
Tilbake
til hovudsida
|
|