|

Elias Blix (1836-1902)
Elias Blix blei
fødd i Gildeskål i Nordland 24. februar 1836. Han
tok teologisk eksamen i Kristiania i 1866 og blei professor i
hebraisk i 1879. Frå 1884 til 1888 var Elias Blix
kyrkjestatsråd i Johan Sverdrup si regjering. I
året 1891 gav han ut salmeboka Nokre Salmar og denne samlinga blei
godkjend til kyrkjebruk i 1892. Den inneheld berre hans eigne
tekstar på nynorsk. Elias
Blix døydde i Kristiania 17. januar 1902. Han er gravlagd
på Vår Frelsers
kirkegård i Oslo.
Mange av salmane til
Elias Blix hentar billete frå Johannes-evangeliet som han
bl. a. omsette til nynorsk frå gresk. Han skriv om
Jesus som vegen, sanninga og livet. Og han byggjer fleire salmar over
hyrdingmotivet. Mange av Blix-salmane hentar og billete frå
norsk natur. Vi møter han både i morgon- og
kveldssalmane, i fedrelandssalmane og i songen om våren
framfor nokon annan: "No livnar det i lundar, no lauvast det i
li”.
Lyset og sola er og sterke Blix-motiv i tillegg til livet
på sjøen slik han opplevde det som barn i Nordland.
Elias Blix er ein av
våre aller største salmeforfattarar. Han har sett
djupe spor etter seg både i norsk kristenliv og i samfunnet
elles. Blix er kjend for ettertida både som
målmann, politikar, teolog og som bibelomsetjar. Men
størst er nok arven etter han som salmediktar. Tida var for
knapp til å skriva preikesamlingar eller store teologiske
omhandlingar. Men i salmane fekk han falde seg ut og staka ut kursen
for generasjonar av nynorskdiktarar etter han. Elias Blix har
sjølv dikta 130 salmar og omsett 76 salmar til nynorsk. Vi
finn 51
originale salmar av Elias Blix i
Norsk Salmebok. For si store samfunnsteneste blei han bl.
a. utnemd til riddar og kommandør av St. Olavs orden.
Utgjevingar:
1. Nokre Salmar (1869)
2. Nokre Salmar (1870)
3. Nokre Salmar (1875)
4. Nokre Salmar (1883)
5. Nokre Salmar (1891)
6. Salmar og Songar
(1900)
Salmar:
1. Dagsens auga sloknar
ut
2. Den veg til livet er
so trong
3. Ein båt i
stormen duva
4. Ein saknad
sår eg heve høyrt
5. Fred, det er eit
fagert ord
6. Gud
signe
vårt dyre fedreland
7. Jesus
du er den
himmelveg
8. Kling no, klokka
9. Kom Heilag
Ande, himmeltrøyst
10. Med
Jesus vil eg fara
11. Ljos over grav som
oss livsvoni gav
12. No koma Guds englar med helsing i sky
13. No
livnar det i lundar
14. No soli bakum
blåe fjell
15. Syng i stille
morgonstunder
Kjelder:
Holsvik (1950), s.
146-150
Rynning (1967), s.
336-337
Salmelid (1997), s. 35-38
Stene (1933), 160-179
Aanestad (1962), bd 1,
sp. 240-249
Elias Blix på
Wikipedia
Elias Blix på
NetHymnal
Tilbake til hovedsiden
|
|
|