Lat
oss hugheile yrket vårt driva
Tekst:
Mons Arset
Tone:
Mellom bakkar og berg
Lat
oss hugheile yrket vårt driva,
Gjera gagnsverk kvar kvinna og mann,
Ikkje nyttelaust livet vårt leva, -
Når det kveldar me kvila oss kan!
Det
om truskapen spørst på det siste,
Når vår livsgjerd i ljos vert lagd fram, -
Om me ville det beste me visste,
Om me gjorde det vesle me vann.
Lat
so menneska tenkja og tala;
Den er sæl som i livet er sann.
Og når kvorvne er stakkute dagar,
Han oss hyser som skjøna oss kan.
Kjelde:
Fottland, H.: Songbok for
ungdomsskulen (1944), nr 494
Tilbake til hovudsida
|