Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 





Per Sivle (1857-1904)

Forfattaren, redaktøren og målmannen Per Sivle vart fødd i Flåm i Aurland 6. april 1857. Mor hans døydde tidlig og Sivle kom til å veksa opp hjå slektningar på Voss. Som 16-åring gjekk han på folkehøgskulen til Jakob Sverdrup i Sognal. Han ville studera teologi og bli prest og reiste til Kristiania for å ta artium. Men ein nervesjukdom siste året på gymnaset sette ein stoppar for vidare studier og dette plaga Sivle livet ut. I staden vart han avismann og sjøvlærd diktar. Sivle arbeidde som redaktør for Buskeruds Amtsidende frå 1883-1885 og for Kristianiaposten frå 1887-1891. Han var ein førande talsmann for det nasjonale sjølstende fram mot 1905. Sivle døydde i Kristiania 6. september 1904.

Per Sivle er vel eigentleg ikkje nokon salmediktar. Vi finn berre ein salme av han i Norsk Salmebok og det er ”Eg stemner fram på livens strand”. Salmen er omarbeidd og omsett til nynorsk av Anders Hovden i 1920. Men dei mest kjende songane etter Per Sivle er kanskje ”Og vesle lerka ho hev det so”, ”Den fyrste song eg høyra fekk” og Blåkors-songen ”Hvor lenge skal det vare” som vi m. a. finn i Sangboken (SB) frå 1962

Utgjevingar:

1. Digte (1879)
2. Vossa-Stubba (1887)
3. Streik (1891)

Salmar og songar:

1. Eg stemner fram på livsens hav (omsett av Hovden) NoS 410 / NS 487
    Jeg farer frem paa Livets Hav (original)
2. Hvor lenge skal det vare SB 651  
3. Den fyrste song eg høyra fekk SB 757

Kjelder:

Rynning (1967), s. 357
Salmelid (1997), s. 357
Aadland (1965), bd 2, sp.912-913
Aasmundtveit (1995), s. 86

Per Sivle på Wikipedia
Per Sivle i Store Norske Leksikon

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com