Henrik Krohn (1826-1879)

 

Fødd: 10. mai 1826 i Bergen

 

Døydde: 14. juni 1879 på Stedje i Sogndal, Sogn og Fjordane

 

Gravlagd 19. juni 1879 på Stedje kyrkjegard, Sogndal, Sogn og Fjordane

 

 

Henrik Krohn vart fødd i Bergen og var son til konsul Wollert Krohn og kona Henrike som var fødd Gran. Han vart døypt i Nykirken i Bergen den 11. juni 1826, men flytte som 8-9-åring til Stend i Fana. Her voks han opp på den garden som seinare vart Stend Jordbruksskule og fekk ein særleg kjærleik til bondestanden og det nasjonale. Frå 1846 og fram til 1858 var han handelsmann i Bergen. Seinare flytte han til Sogn, kjøpte og dreiv fruktgarden Stedje i Sogndal, der han òg hadde ein fyrstikkfabrikk. Han var ein av leiarane for vestlandsk målstrev i 1860-åra, og i 1865 skipa han vekebladet Ferdamannen, i 1868 mållaget Vestmannalaget. Frå 1870 til 1875 redigerte han tidsskriftet Fraa By og Bygd. Vidare gjekk han i brodden for arbeid med å reise eller verne nasjonale minnesmerke, m.a. Haraldsstøtta og Håkonshalla. I 1909 gav Vestmannalaget ut Skrifter av Henrik Krohn med føreord av Kristofer Janson.

 

Henrik Krohn gifte seg 23. november 1851 med Hanna (Johanne) Augusta Kamstrup. Dei fekk ikkje born. På Stedje kyrkjegard i Sogndal står det ein minnestein over Hanna og Henrik Krohn. Jostein Krokvik gav i 2002 på Norsk Bokreidingslag i Bergen ut ein biografi om Krohn med tittelen Vestmannalagsreisaren og målreisaren Henrik Krohn 1826-1879.

 

Utgjevingar:

 

Salmar:

  1. Du myrkaste Veter med Storm og med Snjo (Jolakvæde)

Du myrkaste vinter med storm og med snø

 

Kjelder: