Det
høyrest sus
av vengjeslag
Kvitsunndag
Tekst:
Arnt Eikremsvik i Heimhug for 20 mai 1899.
Melodi:
Strassburgpsalteret 1538.
Alternativ
melodi: Johan H. Grimstad, 1983.
Det høyrest sus av vengjeslag:
Guds And kjem ned i englelag
og gjev apostelmæle:
upprunnen klaar er kvitsunndag,
med braal av blom i vaarvindsdrag,
med himmellov av sæle.
Gud stor rundt jord
rekkjer hender,
gaava sender;
nåden rører,
himlen opnar sine
dører.
Syng frydesong ved
soluppgang,
ber vitne yver fjell
og vang,
i vide folkesveimen:
-
lat bodi gaa fraa
mann til mann:
Guds son ved
farens høgre hand
oss reider
himmelheimen.
Lov Gud, hans brud!
legg til idi!
Snart du frid i
himmelhagen
syng den store
kvitsunndagen.
Tilbake
til hovudsida
|