|
Me
slår
framfor oss krossen din
Me slår
framfor oss krossen din,
og bed så
Fadervåret,
i Jesu namn me sovnar inn
og ottast ingen
fåre.
Så kjem Guds
englar til oss ned,
held vakt kring
våre senger.
Då
får me sovna inn i fred,
me er kje redde lenger.
Gud, med oss alle saman
ver,
så Krist for
alle lyser!
Gud hjelpe dei som ute
fer,
og dei som svelt og
fryser!
No sovnar far og mor og
eg
og alle borni dine.
I morgon soli vekkjer meg
når ho
på veggen skine.
Det opphavleg fyrste
verset i denne songen lyder slik i ei utgjeving frå 1907:
Paa gruva elden kara er,
som toppa, brann og loga,
og natti ut ho vengen
slær,
og myrkt her er i stova.
T:
Jørund Telnes (1890)
M: Norsk
folketone frå Hallingdal (Eg veit i himmerik ei borg)
K: Norsk
Salmebok / Ivar Aasen-tunet
I:
Kveldssongar for borna i diktsamlinga ”Netar” 1890.
Dette er vers 2 -5 i diktet Paa
Gruva Elden karat er
(Kveld), og songen er med både i Nynorsk Salmebok
og i
Norsk Salmebok.
Tilbake
til hovudsida
|
|
|