Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Jesus, du er den himmelveg


Jesus, du er den himmelveg
som til Gud Fader oss leier.
Frelsa det er å finna deg,
liv og uvisnande heider.
Du er all skapnings ljos og liv,
verdi då enn i mørker sviv,
vinglande vilt mellom graver.

Ljoset det inn i mørkret skin,
mørkret det ikkje vil fata.
Gud sende verdi Sonen sin,
verdi då honom må hata.
Han mellom sine eigne stend,
er då av sine ikkje kjend,
gjeng som ein framand i verdi.

Men dei som honom tok imot
og ifrå mørkret seg vende,
dei som i tru med bøn og bot
honom som Frelsaren kjende,
deim gjev han all sin barnerett,
føder deim atter til Guds ætt,
etter sitt namn han deim kallar.

Frelsaren til sin Fader fór,
der han oss rom ville reia,
sende så Anden sin til jord,
som oss til sanning skal leia.
Han ved Guds ord i Jesu namn
viser oss veg til himmelhamn:
Jesus er vegen og livet.

Jesus, eg høyra vil til deim
som etter deg du kan nemna!
Lat meg ved deg til himmelheim
dagleg få styra og stemna!
Utan din arm i miss eg gjeng,
før du meg høgt på ørneveng,
til eg i himmelen hamnar!

T:  Elias Blix (1875)
M: Ludvig M. Lindeman 1840
S:  Norsk Salmebok 419

Tilbake til hovedsiden





  Leif Haugen

Bricksite.com