|

Matias Skard (1846-1927)
Salmediktaren,
skulemannen og bibelomsetjaren Matias Skard blei fødd
på garden Skard i Øyer 28. mai 1846. Han vart
student i 1868 og tok til å studera teologi. Men han braut av
studiene og gjekk inn i folkehøgskulearbeidet på
Vonheim i Østre Gausdal. Her arbeidde han i mange
år saman med Christopher Bruun som lærar.
Frå 1884-1890 var Matias Skard styrar ved Vonheim. Men da
skulen vart lagd ned, var han frå 1892 lærar ved
Levanger seminar. Frå 1901 var Matias Skard
skuledirektør i Kristiansand til han tok avskil i 1921. Dei
siste åra sine levde Skard i Stabekk i Østre
Bærum. Han døydde under ei vitjing i heimbygda si
i Øyer i Gudbrandsdalen 28. juli 1927 og her ligg han
også gravlagd.
Matias Skard var fyrst
og framst skulemann og han har gjort mykje for framvoksteren i
folkehøgskulen. Men både i sitt skulesyn og i si
kristendomsforståing var han sterkt påverka av
Grundvig. Skard er og kjend for å ha skrive ei rekkje med
lærerbøker i psykologi og pedagogikk. Som filolog
har han og utførd eit stort arbeid. Han omsette evangelia
etter Markus og Lukas, Apostelgjerningane og tre av breva i Det Nye
Testamentet til nynorsk. Skard var og ein av dei fyrste embetsmenne her
i landet som nytta nynorsk i si offentlege verksemd.
Men Skard var og ein
framifrå salmediktar som fekk mykje å seia for
nynorsk salmesong i Noreg. ”Mellom dei nynorske diktarane
står han i fremste rekkja, saman med Blix, Hovden og
Støylen”, skriv Aanestad. Matias Skard omsette
gamle salmar til nynorsk og han skreiv eigne salmar. Eit av
kjenneteikna for salmane hans er lovsongen. Landstads
reviderte salmebok har 11 originale og 2 omsette salmer av han.
I Nynorsk Salmebok
finn vi 15 originale og 17 omsette salmar. Norsk
Salmebok har 7 originale og 6 omsette salmar av Matias Skard.
Men i framlegg til ny salmebok for 2010 er det berre teke med ein salme
av Skard.
Utgjevingar:
- 55 salmar, gamle
og
nye (1901)
- Ny samling salmar
(1093)
- 100 salmar, gamle
og
nye (1904)
Salmar:
- Det er fullenda!
Falne
jord, NS 4320
- Folkefader! deg
skal
vera, NS 617
- Gud, hald oss fast
i
trui sann, NoS 356 / NS 194
- I dag er det helg
ifrå hei til hav, NoS 204 / LR 411 / NS 318
- Lovsong
skal all
heimen
kveda, NoS 276 / LR 30 / NS 35
- Milde Gud og
folkefader,
NoS 742 / LR 60 / NS 46
- Morgon sæle!
Englemæle, LR 339 / NS 273
- Opp, Guds folk,
lat
songen ljoma, NoS 136 / NS 226
- Sjå, for ein
kjærleik Gud Fader oss synte, LR 459 / NS 356
- Solrenning
sæle (Sol-ovring sæle), NoS 249 LR 745 / NS 226
- Som Israel med
veldig
hand, NS 621
- Til paradiset
sannelig,
LR 310 / NS 249
- Vår Fader,
som
i himlen er, LR 404 / NS 399
- Vår Gud, som
gav oss born i famn, NS 636
- Å Jesus, med
di frelsarhand (Å Jesus, gode Frelsarmann), NoS 433
Å Jesus, gode Frelsarmann, LR 260 / SB 183 / NS 205
Kjelder:
Holsvik (1950), s.
150-152
Rynning (1967), s. 357
Salmelid (1997), s. 359
Aanestad (1965), bd 2,
sp. 916-918
Matias Skard
på
Wikipedia
Matias Skard
på Store Norske Leksikon
Tilbake til hovudsida
|
|
|