|
Du
Gud som styrer
stjernehær
Du Gud som styrer
stjerneher,
og alt som verdi hender,
i livsens stormar styr
meg her
med dine sterke hender!
Styr hjarta mitt
å tenkja godt,
som du vil eg skal vera,
so aldri vondskap eller
spott
i hugen eg må
bera.
Styr tunga mi
å døma mildt,
di æra alltid
minnast.
Lat aldri lygn og anna
ilt
i ordi mine finnast!
Styr handi mi
å gjera vel,
det glede med seg
fører.
Den gjerd som andre
gjerer sæl,
eit Guds barn alltid
nører.
Styr foten min
på fredar-veg,
so eg ditt fotspor
rekkjer.
Då fred og
venskap skapar eg,
men sundring aldri
vekkjer.
Styr so mitt liv, eg
helgar meg,
og vert eit ljos fyr
andre,
so fyrst og fremst eg
ærar deg
på vegen eg
skal vandre.
Ja, styr min farkost
trygt i hamn,
når her eg ut
skal ande,
og tak meg i din
fader-famn
i sæle
fredar-landet!
T: Valdimar
Briem (1886)
O: Ole
Andersen Torvik (1918)
M: Eg veit i
himmerik ei borg eller Opp, all den ting som Gud har gjort
K: Stille
Stunder nr 16, 1918
Tilbake
til hovudsida
|
|
|