Stille sus
av
snøfjom lette
Tekst:
Anna Stuve i Høgskulebladet ca 1925; (i
O. Alvestads songbok 1926.)
Melodi: Overmåde fullt av nåde (Norsk folketone)
eller Här är ljuvt och gott at vara (Gunnar
Wennerberg, 1840-talet)
Stille sus av snøfjom
lette
Kviskrar gjenom lufti
no.
Ingen uvêrs ville
vette
Torer skipla denne
ro.
Fossen som du før såg
fløyma,
Storkna på si snøgge
ferd.
Snøtung ser du skogen
drøyma
I si eiga stille
verd.
Kvar
du sidan
auga vender, -
Skimre-skin frå
avdags-eld
Kvite snøen mot deg sender
I den ljose helgakveld.
Stjerner fram på
kvelven glimtar,
Med’ det myrknar
kringom deg.
Kanskje du den store
skimtar,
Ho som synte vismenn
veg?
Varleg
legg seg attåt
hine
Enno nokre kvite
fjom.
Då med eitt for øyro
dine
Kyngjer heilag
klokke-ljom.
Bøyg ditt hovud, og
lat klinga
Tonen inn i sjeli di.
Lat ho skjelva med di
bringa
I den store symfoni.
Der du einsleg vegen
vankar,
Milde augo på
deg
ser.
Syner veks av dine
tankar,
Jesus-barnet fram seg
ter.
Englesongen visst du
kjenner
Bivra gjennom all di
sjel.
Fred og hugnad mellom
menner!
Jord og himmel, heil
og sæl!
Kjelde: Songbok for
ungdomsskulen ved Halvor Fottland (4. opplag 1944) Nr. 288b.
Tilbake
til hovudsida
|