Jesus,
Jesus, ver du hjå meg
Tekst:
Ludvig Uri, i
boka ”Evig fortapt”, juni 1907. Salmen er sagt
å vera
skriven på dødsleiet til Ludvig Uri i desember
1907, men er altså skriven
tidlegare. Grunnen til denne oppfatninga kan vera innhaldet i salmen
kombinert
med at han kanskje skreiv ei avskrift av salmen på
dødsleiet i desember 1907.
Melodi:
Hardenack Otto Conrad Zinck, 1801.
Jesus, Jesus, ver du
hjå meg,
statt ved leiet,
gå 'kje frå meg
no mi avferd stundar til!
La 'kje Satan meg
få gjera
noko vondt, du meg
må bera!
Det er heim til deg eg
vil.
Jesus,
gløym
i nåde ordi
som eg i mitt liv
på jordi
titt har tala deg imot!
Gløym alt
vondt eg gjorde, tenkte,
det som titt din
kjærleik krenkte,
læk mi sjuke
hjarterot!
Alt
som vil mitt hjarta tyngja,
tak det bort, så eg kan syngja
fri og frelst min siste song!
Jesus, Jesus, gå 'kje frå meg,
statt ved leiet, ver du hjå meg
no eg sovnar siste gong!
Tilbake til hovudsida
|
|