|
No
livnar det i lundar
No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning
stundar
no fram til sumars tid.
Det er vel fagre stunder
når våren
kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.
Guds kyrkje lysa skulle
som høgt på
berg ein stad,
med sumar utan kulde
og utan solarglad.
Guds ord vel alltid
lyser,
den sol gjeng aldri ned.
Det hus som Anden hyser,
ligg støtt i ljos
og fred.
Men stundom kom det kulde
på Herrens
kyrkjemark.
Det var som Gud seg
dulde,
og borte var Guds ark.
Det var dei mørke
dagar
Guds ord var
fåhøyrd segn.
Og hjarta frys og klagar,
det saknar sol og regn.
Så sende Gud sin
Ande
som dogg på turre
jord.
Då vakna liv i
lande,
då grøddest
vent Guds ord.
Då er det
sæle tider
for Kristi kyrkjegrunn.
Då lauvast det i
lier,
då livnar det i
lund.
Då ljosnar det i
landet
frå fjell og ned
til fjord.
Då ljosnar
tungebandet,
då kved Guds folk
i kor.
Då skin det over
strender
som sol ein sumarkveld.
Då gløder
kring i grender
ein heilag altareld.
Du vår med ljose
dagar,
med lengting, liv og
song,
du spår at Gud oss
lagar
ein betre vår ein
gong.
Då me med vigsla
tunge,
med kjærleik heil
og klår,
alt utan best og sprunge
skal lova Herren
vår!
T: Elias Blix
(1875)
M: Ludvig M. Lindemann
(1875)
S: Norsk Salmebok
765
Tilbake
til hovedsiden
|
|
|