Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




Torleif Homme (1852-1936)
(Thorleif Homme eller Tellef Olsen Fladland)

Fødd: 17. august 1852 på garden Flateland i Valle i Setesdal, Aust-Agder.
Døydde: 6. mai 1936 på St. Josephs hospital, Kristiansand, Vest-Agder.
Gravlagd: 12. mai på Hornnes kyrkjegard, Evje og Hornnes, Aust-Agder.

Torleif Homme var son til husmannen Ole Olsen Fladland frå Rygnestad og kona Aase Osmundsdatter f. Dahle. Dei var husmannsfolk fyrst på plassen Feddufs under garden Flateland, seinare på Bronen i Homme. Herfrå tok Torleif etternamnet Homme.

Etter seminar i Kviteseid 1871-1873 utvandra han til Amerika og studerte vidare ved Luther College i Decorah, Iowa, (1873-1878) og ved Luther Seminary i Madison, Wisconsin, fram til 1881. Så arbeidde han fleire år som lærar og prestevikar i ved Luther College, før han i 1887 kom attende til Noreg. Her vart han cand.theol i 1890, og året etter lærar ved amtsskulen i Nedenes amt. I mange år var han lærar og skulestyrar ved ved den omreisande amtsskulen i Indre Agder. Her var han ein føregangsmann i det å nytta landsmål i undervisninga, og ein ihuga talsmann for kristendom og norskdom.

Frå 1908 til 1913 var han sokneprest i Røldal. Her møtte han motstand mot å nytta landsmål i kyrkjelege samanhengar. Etter dette flytte han til Hornnes i Setesdalen. I 1916/1917 vikarierte han som sokneprest i heimbygda Valle, men han hadde heimen sin på Hornes resten av livet.

Torleif Homme skreiv mykje i tidsskrift og blad, og gav ut mange bøker. Han granska mykje og skreiv sjølvstendig om emne frå historie, naturvitskap og ikkje minst filosofi og tenkte mykje i grenseland mellom desse. Politisk framheva han at folkesamfunnet skulle byggja på heimen, og han var ein ihuga fråhaldsmann. Han omsette songar frå engelsk, svensk og dansk og komponerte tonar. Han var også mykje bruka talar og foredragshaldar, men etter kvart vart han ofte mistydd, miskjend og utestengd på grunn av sine synspunkt og høgtsvevande tankar. Homme vart likevel hugsa som ein stillfarande, varmhjarta og gudfryktig mann som hadde godt lag med ungdommen.

Hornnes mållag tok alt året etter at Homme døydde initiativet til å reisa ein bauta over han på grava hans. Denne vart avduka i 1949, og her er han kalla: ”folkelæraren, presten, tenkjaren”.

Utgjevingar (eit utval):

  • Fyrste boki um Loge og Liv (1898)
  • Um nordmennerne i Amerika (1899)
  • Historisk kristentru (1904)
  • Fadervåret (1909)
  • Norsk folkelagnad i 3-4000 år (1916)
  • Grunnhåtten til kristendomen (1920)
  • Skapingssogune - siflodskildringar (1921)

Biografi:

  • Kleveland, Olav Arne: Med hjartespråket som leiestjerne, Valle sogelag, Valle, 2005.

Omsette salmar:

  1. Arbeid, for natt seg nærmar
  2. Du talar om ver, du talar om vind
  3. Himmel-Ande, kom med nåde
  4. Kom heim, kom heim, du villfarande barn
  5. Ver med meg, kjære Herre Krist

Melodiar:

  1. Kom heim, kom heim (ca 1890)
  2. Kom hen til mig, du trette sjel / Kom inn og legg deg ved min barm (1923)
  3. Med Jesus vil eg fara

Kjelder:

  • Aanestad: Kristen Sang og Musikk
  • Aabø, Arne T. (2006): Med hjartespråket som leiestjerne. I: Egde, organ for Vest-Agder historielag, side 23, nr 2-2006. (Internett)
  • Kleveland, Olav Arne: Torleif Homme. Med hjartespråket som leiestjerne. Valle sogelag, (Evje), 2005.
  • Gravminner i Norge
  • Ministerialbok for Valle (på Internett)
  • Melodiboken, 1955
  • Koralbok for den norske kirke, 1926
Tilbake til hovudsida






  Leif Haugen

Bricksite.com