|

Peter Hognestad (1866-1931)
Biskopen, salmeomsetjaren og læraren Peter Hansson Hognestad blei
fødd på garden Hognestad på Time på
Jæren 12. november 1866. Han vart cand. theol. i 1891 og arbeidde
i åra 1892-1895 som hjelpelærar ved det teologiske fakultet
ved Universitetet i Oslo. Frå 1896-1903 var Peter Hognestad
lærar ved Notodden lærarskule før han i 1903 vart
tilsett som stiftskapellan i Oslo. Peter Hognestad var lærar i
Det Gamle Testamentet ved Meinighetsfakultetet i Oslo i åra
1908-1916 før han i 1916 vart utnemd som biskop i
Bjørgvin. Hognestad døydde i 1. september 1931 og ligg
gravlagd på Solheim kyrkjegard i Bergen.
Hognestad skreiv ikke
eigne salmar eller religiøse songar. Men han er kjend som ein
særs god omsetjar. Dei mest kjende salmane hans er kanskje
“Lei milde ljos”, “Fager kveldsol smiler” og
“Det hev ei rosa sprunge”. Vi finn 3 omsette salmar av
Hognestad i Landstads reviderte salmebok og 8 salmar av han i Nynorsk
Salmebok. I Norsk Salmebok er Hognestad representert med 5 omsette
salmar. I tillegg til dette er Peter Hognestad kjend for arbeidet sitt
med den nynorske utgåva av tekstboka for den norske kyrkja og for
å ha delteke i utforminga av Altarboka i 1920.
Utgjevingar:
1. Nynorsk Salmebok
(medutgjevar) (1925)
2. Kvila i Gud
(preikesamling) (1933)
Omsette salmar:
1. Det hev ei
rose sprunge NoS 38
2. Fager kveldsol smiler
NoS 812 / LR 840
3. Lei,
milde ljos, igjennom skoddeeim NoS 414 / LR 866
4. Så tak då
mine hender NoS 609 / LR 865
5. Å, ver
hjå meg NoS 815
Kjelder:
Rynning
(1967), s 345
Salmelid (1997), s. 171
Stene (1933), 205-207
Aanestad ( 1962), bd 1,
s. 924-926
Aasmundtveit (1995), s.
118
Peter Hognestad på Wikipedia
Peter Hognestad på Store Norske
Leksikon
Tilbake til hovudsida
|
|
|