Vår sundagsskule
elskar eg,
Der er det godt å
vera.
Der alltid Jesus
møter meg,
Han vil eg alltid
æra.
Han kjenner meg og
har meg kjær,
Ja, beste venen min
han er.
Å, Jesus, ver meg
alltid nær,
Din vil eg evig vera!
Vår sundagsskule
elskar eg
Og alle borna kjære.
Vi er ein syskenflokk
som dreg
Med song til Jesu ære
Mot heimen vår i
himmelslott,
Der alt er vent og
lyst og godt,
Der alltid dag er –
inga nott,
Og inga synd skal
koma.
Vår sundagsskule
elskar eg
Min plass ei tom skal
vera,
Å, kjære Jesus,
lær
du meg
Kor eg deg best kan
æra!
Ja, gjer meg sterk og
glad, så eg
Til djevelen som
freistar meg,
Kan seia: Nei, nei,
ikkje deg,
Men Jesus vil eg fylgja.
T: Johan
Lunde (1866-1938)
M: Vi ere en
nasjon, vi med (André Grétry
1741-1813)
S: Barnesangboka
1970 nr 230