Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Hallvard Arneson Ellestad Bergh (1850-1922)

Fødd: 1.desember 1850 Gol, Hallingdal

Døydde: 25. april 1922 Lomen, Vestre Slidre, Valdres

Hallvard Bergh kom til verda på Espedokken i Gol og fekk døypenamnet Halvor etter bestefaren. Faren var bonde og handelsmann Arne Hallvorson Bergh og mori Liv T. Haugen. Dei flytte til garden Ellestad i Lomen i Valdres då Hallvard var 6-7 år gammal.

Hallvard tok eksamen ved Lands lærarskule 1867. Snart tok utferdstrongen over, og han reiste over til Amerika. Han vart lærar og kyrkjesongar i Wisonsin nokre år, og tok studenteksamen frå Lutheran College i Decorah i USA i 1876. Her fekk han ein helseknekk, reiste attende til Noreg, og vart lærar i heimbygda Lomen i Valdres.

Hallvard Bergh vart forfattar. Mest kjend vart han som barnebokforfattar. Den mest kjende boka hans, ”Ferdi til verdsens ende”, vart omsett til fleire andre språk. Ho vart opphavleg skriven på valdres-dialekt, omsett til både dansk og nynorsk her i landet og elles til både finsk, svensk, islandsk, tysk og engelsk.  Hallvard Bergh var og ein ihuga folkeminnesamlar, og har gjeve kulturhistoriske bilete både frå Amerika og Noreg. Han skreiv også lyriske dikt. Stundom bruka han psevdonymet: ”H. Høyne” etter staden han busette seg på.

Hallvard Bergh er representert med ein salme i Nynorsk salmebok, nr 322.

Utgjevingar:

  • Segner fraa Bygdom IV (1879)
  • Reise te versens ende (1889) -> Ferdi til verdsens ende (1905)
  • Hvordan Marie sankede pengene (1889) -> Dokkesjaa (1912)
  • Fraa fjord og lid og fjell (1903)
  • Norske dikt i utval (1912)

Salmar:

  1. Å, til Himmelen eg stundar!

Kjelder:

Tilbake til hovedsiden






  Leif Haugen

Bricksite.com