Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 





Arne Garborg (1851-1924)

Diktaren Arne Garborg er fødd på garden Garborg i Time på Jæren 25. januar 1851. Han var sterkt engasjert i målsaka og er kjend både som romanforfattar, lyrikar og som religiøs diktar. Garborg vert ofte omtala som "ein nynorsk målmeister" og som ein av fyrste store forfattararane av romanar i Noreg.

Vi finn to originale og ein omsett salme av Arne Garborg i Nynorsk Salmebok og i Norsk Salmebok medan Landstads reviderte salmebok berre har ein omsett salme av han. Salmen "Lov Jesu namn og herredom" er eit bestillingsverk for Landstads reviderte salmebok og vert rekna for å vera ei meisteromsetjing.

Arne Garborg døydde på Labbråten i Asker i Akershus 14. januar 1924 og han ligg gravlagd på Knudaheio ved Undheim i Time på Jæren.


Utgjevingar:
  1. Bondestudentar (1883)
  2. Haugtussa (1895)
  3. Læraren (1896)
Salmar:

  1. Gud signe Noregs land  NoS 738
  2. Offer, offer er det store NS 599
  3. Å hjelp meg, du som hjelpa kan NoS 448 / NS 483

Omsette salmar:

  1. Lov Jesu namn og herredom NoS 202 / NS 595 / LR 766
Kjelder:
  1. Rynning (1967), s. 347
  2. Salmelid (1997), s. 122-123
  3. Stene (1933), s 211-212
  4. Aanestad (1962), bd 1, sp.700-701
  5. Aasmundtveit (1995), s. 865
Arne Garborg på Wikipedia
Arne Garborg i Store Norske Leksikon

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com