Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Johan Peter Lunde

(1866-1938)

Fødd: 25. desember 1866 på Lillehammer
Døydde: 12. februar 1938 i Oslo

Gravlagd: 17. februar 1938 på Vår Frelsers gravlund, Oslo

Biskop Johan Lunde var på morsida etterkomar av biskop Johan Nordal Brun, og i morsslekta var det fleire andre biskopar. Mora heitte Marianne Sophie Brun (1835-1911) og faren var av norsk bonderot, overlærar Truls Wiel Lunde (1827-1915). Saman bygde dei i gudsfrykt ein god, lukkeleg heim for dei 8 borna som voks opp. 

Allereie 16 ½ år gammal tok Johan eksamen artium med mykje gode karakterar. Han tok til å studera filologi og språk i 1883, på ei tid med sterke kristendomsfiendtlege åndsstraumar og moralsk utgliding. Sjølv meinte han at han ei tid som student miste trua på Gud. Han tok seg etter kvart fleire år som huslærar i Hakadal før han gjekk over til å studera teologi. Det gjorde han for å få trua, som han sa. Og trua fekk han, og etter to års studium tok han teologisk embetseksamen, og året etter praktikum. 

Det gjekk derimot ei tid før han fekk byrja som prest. Han fekk lærarstillingar i Sarpsborg og i Arendal, til saman i 7 år. I Sarpsborg vart han og i 1894 gift med Helga Tomine Johannessen, men alt året etter miste han henne. Seinare levde han ugift. 

I 1897 vart han så utnemnd til stiftskapellan og ordinert i Kristiansand. Som stiftskapellan kom han til Seljord, Torvestad, Hjelmeland og i 1899 til Bygland. Her vart han sokneprest året etter. Tida som sokneprest i Bygland vart ei rik tid, og førde med seg ei gjennomgripande vekking i Setesdalen. 

Etter om lag 7 år i Bygland gjekk ferda i 1906 til Stavanger, fyrst som residerande kapellan og sidan som sokneprest fram til 1920. Impulsiv og idérik som han var, fekk han bygt både kyrkje og forsamlingshus her, og folket fekk han med seg. Eit rikt foreining- og kyrkjelydssliv vart grunnlagt, og til gudstenester og bibellesingar møtte folket godt opp. Misjons-engasjementet førte mellom anna til at han vart formann for Stavanger krins av Det norske misjonsselskap og seinare i sentralt i denne misjonen, i tillegg til ei rekkje andre styrer og råd. Han var også søndagsskulelærar for borna annankvar søndag. 

Til Oslo kom han fyrst som sokneprest i Gamlebyen kyrkje. Den klåre, varmhjarta og populært utforma forkynninga samla snart folk frå heile byen. Og i 1922 vart han vigsla til biskop i Oslo av biskop Bernt Støylen. Som biskop synte han og stor arbeidskapasitet. På dei knappe 15 åra han var biskop føretok han 268 bispevisitasar, innvigde 4 biskopar, 230 prestar og 28 kyrkjer. 

Det var mange som ynskte Johan Lunde som biskop, men særleg media og dei liberale ytra sterk motstand mot han. Men Lunde var likefram - eit hjartevarmt og godt menneske, ein sjelevinnar og ein ekte barneven, og fekk inngang blant det breie lag av folket. Ein særleg grunn til dette var at han også som biskop såg det som svært viktig og naturleg å ta vare på kontakten med borna. Dette gav han æresnamnet Barnebispen. 

Biskop Johan Lunde fekk og den ære å via kronprinsesse Märta og dåverande kronprins Olav i Vår Frelsers kirke. Då vitna han frimodig for det norske folk om å ”ha tro til Gud”. Han døypte også borna deira, og den siste embetsgjerningen han utførde som biskop var å døypa vesle prins Harald, seinare kong Harald.

Songar og salmar: 

  1. (Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn vart i mange år tillagt Johan Lunde, men han har i følgje Aanestad korkje skrive eller omsett songen, men han tok han i bruk og bruka han mykje i møte med borna. Songen er skriven av  amerikanske Nellie Talbot. Truleg var det Anna Jonassen som omsette songen i 1908.)
  2. Kvar helst eg vankar i verdi vida (Kom heim nr 45)
  3. Vår sundagsskule elskar eg 
    1. Vår søndagsskole elsker jeg  
    2. Til søndagsskolen går min vei 

Omsett:

  1. Eg gav mitt liv for deg, Mitt dyre blod det rann (Kom heim nr 22)
  2. Han leider meg, å sæle trøyst! (Kom heim nr 31)
  3. I himmelhall rundt nådestol (Kom heim nr 37)
  4. Kven kan større fagnad nemna Enn å vera Jesu ven! (Kom heim nr 5)
  5. På Golgata min Frelsar god (Kom heim nr 21)

Utgjevingar (eit utval): 

  1. Vesle-Knut (1897)
  2. Moderne theologi – et kritisk innlæg (1904)
  3. Kom heim: Songar um Jesus (1906) (saman med Torleif Homme)
  4. Har vi raad til at drive hedningemission? (1908)
  5. Barneprekener (1930) (omsett til fleire andre språk)
  6. Ha tro til Gud: bibelord og bønner til bruk ved den daglige morgenandakt (1931)
  7. Søndagsbok for gamle (1935)
  8. Den bibelske historie: Hvad Gud har gjort forat verden skal bli frelst (1936)
Kjelder:
  1. Aanestad, Lars (red): Kristen sang og musikk (1962-1965)
  2. Schübeler, Ludwig: Boken om bispen. Noen minneblad om biskop Johan Lunde. Lutherstiftelsen forlag, Oslo, 1938.
  3. Bibsys.no
  4. Støylen, Bernt: Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte (1906)
  5. Salmelid, Tobias: Lundes Salmeleksikon (1997)
  6. Lunde, Johan: Kom heim! Songar um Jesus. Samla av Johan Lunde. Bygland, 1906. (Trykt hjå Johanssen og Tangens Prenteværk, Kristiansand)

Tilbake til hovudsida





  Leif Haugen

Bricksite.com