Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Anna Oddmundsdotter Stuve

(1897-1928)

Fødd: 17. februar 1897 på garden Stuve i Øystese i Hardanger

Døydde: 6. juli 1928 på Skeie i Kvam, Hordaland av tuberkulose.

Gravlagd: 12. juli 1928 på Vikøy kyrkjegard i Vikøy, Kvam i Hordaland.

Anna O. Stuve var den yngste av dei 9 borna til Herborg Brigtsdotter (f. Bøhn 1857-1931) og Oddmund Sveinsson Stuve (f. Århus, 1855-1928). Både ho og syskena var rikt utrusta, og Anna vart tilliks med eine systera Synneva (1888-1978) lærar.

Då Anna var i konfirmasjonsalderen, pakta foreldra hennar garden til Andreas Austlid i Ullensvang. Anna fylgde med foreldra og tok til på Hardanger folkehøgskule. Seinare vart ho knytt til folkehøgskulen med heile sitt hjarta.

Lærarutdanninga fekk Anna ved lærarhøgskulen på Stord. Etter noko arbeid i folkeskulen vart ho læarinne i fleire år ved Vestmar folkehøgskule i Telemark, seinare ved Eigersund mellomskule. Eitt år var ho også vikar ved Hardanger folkehøgskule før ho vart lærarinne i folkeskulen i Kolbotn.

Ho hadde ei veldig arbeidskraft. Innimellom arbeidet som lærarinne tok ho vidare utdanning, mellom anna mellomskule-eksamen, eit år på Askov, eit år på lærarskulen på Lade og gjorde ei reis til Tyskland. Ho var i ferd med å førebu seg til student-eksamendå ei rasande tæring gjorde ende på denne venesæle og arbeidsglade kvinna på 2-3 månader, berre 31 år gammal.

Ein kjenner til berre denne eine songen av Anna Stuve. Den vart fyrst trykt i Høgskulebladet før han kom inn i Alvestads songbok i 1926 og seinare i Fottlands songbok. Dette er ein julesong som på ein vakker måte knyter saman snøen og vinterstemninga med den eigentlege julebodskapen. Etter krigen kom songen ut or bruk, truleg på grunn av at det som vart ei av dei viktigaste nazi-helsingane, ”heil og sæl”, er med i siste strofe.

Song:

  1. Stille sus av snøfjom lette

Kjelder:

  • Terje Aarset: Upubliserte notatar frå 1989
  • Gravminner i Norge
  • Kyrkjebøker på nett for Vikøy og Øystese
  • Jon Mannsåker i Høgskulebladet, Orkdal, 1928, side 363-364

Tilbake til hovedsiden





  Leif Haugen

Bricksite.com