Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 





Matias Skard (1846-1927)

Salmediktaren, skulemannen og bibelomsetjaren Matias Skard blei fødd på garden Skard i Øyer 28. mai 1846. Han vart student i 1868 og tok til å studera teologi. Men han braut av studiene og gjekk inn i folkehøgskulearbeidet på Vonheim i Østre Gausdal. Her arbeidde han i mange år saman med Christopher Bruun som lærar. Frå 1884-1890 var Matias Skard styrar ved Vonheim. Men da skulen vart lagd ned, var han frå 1892 lærar ved Levanger seminar. Frå 1901 var Matias Skard skuledirektør i Kristiansand til han tok avskil i 1921. Dei siste åra sine levde Skard i Stabekk i Østre Bærum. Han døydde under ei vitjing i heimbygda si i Øyer i Gudbrandsdalen 28. juli 1927 og her ligg han også gravlagd.

Matias Skard var fyrst og framst skulemann og han har gjort mykje for framvoksteren i folkehøgskulen. Men både i sitt skulesyn og i si kristendomsforståing var han sterkt påverka av Grundvig. Skard er og kjend for å ha skrive ei rekkje med lærerbøker i psykologi og pedagogikk. Som filolog har han og utførd eit stort arbeid. Han omsette evangelia etter Markus og Lukas, Apostelgjerningane og tre av breva i Det Nye Testamentet til nynorsk. Skard var og ein av dei fyrste embetsmenne her i landet som nytta nynorsk i si offentlege verksemd.

Men Skard var og ein framifrå salmediktar som fekk mykje å seia for nynorsk salmesong i Noreg. ”Mellom dei nynorske diktarane står han i fremste rekkja, saman med Blix, Hovden og Støylen”, skriv Aanestad. Matias Skard omsette gamle salmar til nynorsk og han skreiv eigne salmar. Eit av kjenneteikna for salmane hans er lovsongen. Landstads reviderte salmebok har 11 originale og 2 omsette salmer av han. I Nynorsk Salmebok finn vi 15 originale og 17 omsette salmar. Norsk Salmebok har 7 originale og 6 omsette salmar av Matias Skard. Men i framlegg til ny salmebok for 2010 er det berre teke med ein salme av Skard.

Utgjevingar:
  1. 55 salmar, gamle og nye (1901)
  2. Ny samling salmar (1093)
  3. 100 salmar, gamle og nye (1904)
Salmar:
  1. Det er fullenda! Falne jord, NS 4320
  2. Folkefader! deg skal vera, NS 617
  3. Gud, hald oss fast i trui sann, NoS 356 / NS 194
  4. I dag er det helg ifrå hei til hav, NoS 204 / LR 411 / NS 318
  5. Lovsong skal all heimen kveda, NoS 276 / LR 30 / NS 35
  6. Milde Gud og folkefader, NoS 742 / LR 60 / NS 46
  7. Morgon sæle! Englemæle, LR  339 / NS 273
  8. Opp, Guds folk, lat songen ljoma, NoS 136 / NS 226
  9. Sjå, for ein kjærleik Gud Fader oss synte, LR 459 / NS 356
  10. Solrenning sæle (Sol-ovring sæle), NoS 249 LR 745 / NS 226
  11. Som Israel med veldig hand, NS 621
  12. Til paradiset sannelig, LR 310 / NS 249
  13. Vår Fader, som i himlen er, LR 404 / NS 399
  14. Vår Gud, som gav oss born i famn, NS 636
  15. Å Jesus, med di frelsarhand (Å Jesus, gode Frelsarmann), NoS 433
    Å Jesus, gode Frelsarmann, LR 260 / SB 183 / NS 205

Kjelder:

Holsvik (1950), s. 150-152
Rynning (1967), s. 357
Salmelid (1997), s. 359
Aanestad (1965), bd 2, sp. 916-918

Matias Skard på Wikipedia
Matias Skard på Store Norske Leksikon

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com