Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 





Bernt Støylen (1858-1937)

Biskopen, diktaren og salmebokutgjevaren Benrt Støylen blei fødd på Kvamsøy i Sande på Sunnmøre 17. februar  1858. Han vart cand. theol. i 1885 og hjelpeprest i Bergen frå 1887-1890. I åra 1890-1895 var han sjømannsprest i Cardiff og frå 1895-1902 styrar ved Notodden lærarskule. Bernt Støylen var frå 1902-1913 hovudlærar og professor ved det teologisk-praktiske seminar i Oslo. Han blei utnemd til biskop i Agder i 1913 og denne stillinga hadde han til han søkte avskil som biskop i 1931. Bernt Støylen døydde 18. november 1937, 79 år gamal.

Bernt Støylen er kanskje den som har hatt mest å seia for arbeidet med nynorsk song og nynorsk salmebok i landet vårt, skriv Blom Svendsen. Frå 1921-1926 var han formann i komitéen for Nynorsk Salmebok og saman med Peter Hognestad og Anders Hovden gav han ut den første salmeboka på nynorsk i landet vårt.

Som forkynnar hadde Bernt Støylen ein folkeleg og frisk stil. "Kristendom på nasjonal grunn var hans program", skriv Aanestad. Støylen er mellom anna også kjend som innsamlar av barnerim og som lesebokredaktør og han gav ut fleire religiøse bøker. I tillegg til dette var han engasjert i fråhaldssak, misjon og for ei fri folkekyrkje.

Utgjevingar:

     1. Songbok for Sundagsskule og Uppbyggjingsmøte (1915)
     2. Salmar og aandelege Songar (1920)
     3. Medutgjevar av Nynorsk salmebok (1925)

Salmar:
  1. Aldri Gud sitt folk kan gløyma NoS 520
  2. Allmakts Gud og kjærleiks Fader NoS 671
  3. Ditt barn eg no vil vera NoS 665
  4. Du, Herre Kristus, frelsa kan NS 164
  5. Du kristenfolk, i Gud deg gled NoS 576
  6. Gud Faders vesle barn eg er NoS 496
  7. Gud, lys om heimen vår din fred NoS 752
  8. Gud signe vårt folk der dei sigler og ror NoS 753
  9. Gud signe maten på vårt bord NoS 793
  10. Guds folk for sin konge skal kveda NoS 117
  11. Guds namn vere lova for livsens ord NoS 562
  12. Herre Gud, lat opp vårt øyra NoS 563
  13. I himmelen, der er det alltid helg NS 189
  14. Kor stor ei lukke for vårt land NoS 577
  15. Kristi kyrkje Gud har grunna NoS 540
  16. Kvar skal eg vel av NoS 471
  17. Lat oss lova Gud for gåva NoS 96
  18. No vil eg aldri Jesus gløyma NoS 610
  19. Sjå, dagen renn i aust på ny NoS 784
  20. Statt opp til strid mot myrkheims hær NS 591
  21. Stå opp og lova Gud, syng høgt NoS 277
  22. Til kjærleik Gud oss skapte NoS 706
  23. Vår Gud, ver evig lova NoS 648
  24. Å Herre min Gud, eg må sanna for deg NS 546
Kjelder:

Holsvik (1950), s. 156-158
Rynning (1967), s. 358

Salmelid (1997), s. 378-380
Stene (1933), s. 183-194
Aanestad (1965), db 2, sp. 993-1001

Tilbake til hovudsida





  Leif Haugen

Bricksite.com