Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 





Peter Hognestad (1866-1931)

Biskopen, salmeomsetjaren og læraren Peter Hansson Hognestad blei fødd på garden Hognestad på Time på Jæren 12. november 1866. Han vart cand. theol. i 1891 og arbeidde i åra 1892-1895 som hjelpelærar ved det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Frå 1896-1903 var Peter Hognestad lærar ved Notodden lærarskule før han i 1903 vart tilsett som stiftskapellan i Oslo. Peter Hognestad var lærar i Det Gamle Testamentet ved Meinighetsfakultetet i Oslo i åra 1908-1916 før han i 1916 vart utnemd som biskop i Bjørgvin. Hognestad døydde i 1. september 1931 og ligg gravlagd på Solheim kyrkjegard i Bergen.


Hognestad skreiv ikke eigne salmar eller religiøse songar. Men han er kjend som ein særs god omsetjar. Dei mest kjende salmane hans er kanskje “Lei milde ljos”, “Fager kveldsol smiler” og “Det hev ei rosa sprunge”. Vi finn 3 omsette salmar av Hognestad i Landstads reviderte salmebok og 8 salmar av han i Nynorsk Salmebok. I Norsk Salmebok er Hognestad representert med 5 omsette salmar. I tillegg til dette er Peter Hognestad kjend for arbeidet sitt med den nynorske utgåva av tekstboka for den norske kyrkja og for å ha delteke i utforminga av Altarboka i 1920.

Utgjevingar:

1. Nynorsk Salmebok (medutgjevar) (1925)
2. Kvila i Gud (preikesamling) (1933)

Omsette salmar:

1. Det hev ei rose sprunge NoS 38
2. Fager kveldsol smiler NoS 812 / LR 840
3. Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim NoS 414 / LR 866
4. Så tak då mine hender NoS 609 / LR 865
5. Å, ver hjå meg NoS 815

Kjelder:

Rynning (1967), s 345
Salmelid (1997), s. 171
Stene (1933), 205-207
Aanestad ( 1962), bd 1, s. 924-926
Aasmundtveit (1995), s. 118

Peter Hognestad på Wikipedia
Peter Hognestad på Store Norske Leksikon

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com