Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Olav Eriksen Klepsland

1875-1930


Fødd: 23. september 1875 på garden Klepsland, Evje i Aust-Agder. 

Død: 23. januar 1930 på Vasend, Evje i Aust-Agder.

Gravlagd: 1. februar 1930 på Evje gravplass, Evje og Hornes, Aust-Agder.

 
Olav Eriksen Klepsland var son til lærar Erik Olsen Klepsland (f. 1845) og kona Dorte Tellefsdotter f. Omland (f. 1847). Einaste skulegong som Olav fekk var folkeskulen. 

O. E. Klepsland vart gardbrukar og bygdediktar. Han var mykje glad i naturen og det vakre i livet. Trass i mangel på utdanning, sette han seg godt inn i botanikk og astronomi. Han hadde godt lag med borna og dreiv ei tid sundagsskule for dei.
 
Vener kunne spørja om eit dikt, og då kunne han skriva nokre vers med det same. Nye barnesullar laga han og, slike som høvde for situasjonen.

I yngre dagar skreiv han fleire dikt. Desse vart særleg prenta i bladet Stille Stunder. To av dei kom derfrå med i Støylens Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte (1906). Eitt av dei kom blant anna vidare i Barnesangboka for søndagsskule, barnelag og yngres (1970) (nr 180) og eit vers i Miniklang (1976) (nr 113).

Salmar og songar:

  1. Jesus, du som alle små

Du som eingong tok dei små

  1. Vår heim er eit ord 

Kjelder:

  • Støylen Bernt: Songbok for sundagsskule og  uppbyggjingsmøte (1906)
  • Barnesangboka (Norsk Søndagsskoleforbund, 1970)
  • Miniklang, Triangelforlaget (Norges kristelige ungdomsforbund, 1976)
  • Gravminner i Norge
  • Ministerialbok for Evje (1866-1884) på Internett
  • Agder Tidend for 21. september 1925: -d.: Bygdekunstnar Andreas Lislevand og bygdediktar E. Klepsland 50 aar. (Nasjonalbiblioteket) 

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com