Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Ludvig Lauritz Hansson Uri (1884-1907)
(Ludvik Uri)


Fødd: 16. mars 1884 på garden Uri på Flemsøya (Skuløya) i Haram kommune på Sunnmøre.
Døydde: 23. desember 1907 i Ålesund, Sunnmøre. 
Gravlagd: 27.(30.?) desember på Austnes kyrkjegard, Haram, Sunnmøre.

 
Ludv. Uri viste allereie som barn at han hadde evner utanom det vanlege, og stålvilje til å setja seg inn i alt mogeleg. Han kom frå ein liten, avsidesliggjande fiskar- og gardbrukarheim på ei av dei ytste Sunnmørsøyane - med sjølve storhavet som næraste granne. Foreldra var Hans Jonson Uri og Severine Marie Olsdotter f. Rogne. Ludvig var den yngste av dei 7 borna deira.

Straks etter folkeskulen tok han handelsskuleeksamen og kort tid etter middelskuleeksamen. Allereie som 19-åring tok han lærarskule-eksamen med svært gode karakterar etter at han i studietida ved Volda lærarskule hadde vore borte i fleire månader på fiske for å tena til livets opphald.

Ludvig Uri fekk fyrst lærarpost i Nordland og sidan på Modum. I to år verka han som lærar, og då han fekk lagt opp litt pengar, ville han studera vidare, men etter tre månader på Hauges Minde i Oslo, måtte han avbryta og koma seg heim på grunn av pengemangel. I 1906 kom han inn på Hambros skole i Bergen og tok examen artium etter om lag 9 månaders lesetid. Samstundes med lesinga til eksamen skreiv han og utgav romanen ”Evig fortabt”. Boka tek utgangspunkt i den religiøse brytningstida på Sunnmøre kring hundreårsskiftet og har med mellom anna framifrå skildringar av havet og fiskarlivet, og skildrar også godt det indre kjenslelivet, særleg til hovudpersonen Einar. I denne boka er og salmen hans fletta inn som ei bøn frå ein døyande.

Etter ei tid heime reiste han til Kristiania og tok til som student ved Universitetet der hausten 1907. Toppkarakter fekk han i eksamenar både i filosofi og fysikk før jul, noko som var temmeleg uvanleg. Så skulle han reisa heim til jul, men sjuk av nervefeber vart han innlagt på sjukehus i Ålesund, der han 8 dagar seinare døydde veslejulaftan 1907, berre 23 år gammal.

Ludvig Uri vert skildra som ein hjartevarm, stillfarande ungdom, men og som sterk og uredd, og som ein som uroleg og leitande alltid ville til botnars i sanninga. Fleire kjende menn i hans samtid skreiv heiderlege omtalar om boka hans, og blant mange andre skreiv Anders Hovden både minneord og eit dikt om han etter hans bortgang.

Ungdomane i heimegrenda fekk i 1908 reist ein høg minnestein på grava hans ved Haramskyrkja (Austnes). Der er det innmeisla: ”Her kviler student Ludv. H. Uri, 1884-1907. Dit liv var rigt og stutt. Høgt var du elska. Sårt er du sakna.”

Utgjevingar:

  1. ”Evig fortabt”. Ei livssoga. Vestlandske Maalkontor, Bergen, 1907.

Salmar:

  1. Jesus, Jesus, ver du hjå meg

Kjelder:

  • Terje Aarset: Ludvig Uri (1884-1907). Eit kjeldeskrift. Redigert av Terje Aarset. Møre og Romsdal Distriktshøgskule, Volda, 1984.
  • Kyrkjebøker for Haram på nett
  • Aanestad, Lars: Kristen sang og musikk. Band II, 1965 
Tilbake til hovudsida






  Leif Haugen

Bricksite.com