Velkommen
Forfatter
Forfattar
Salmer
Salmar
Kontakt
Litteratur
Forfatterindeks
Salmeindeks




 



Ottine Ottesen

(Othine Christine Didrikke Ottesen)

(1858-1905)

 

 
Fødd: 2. mai 1858 i Sande i Vestfold

Døydde: 10. februar 1905 i Daas gate 16, Oslo.

Gravlagd: 18. februar 1905 på Vestre Gravlund, Oslo.

Ottine Ottesen var dotter til prost Otto Christian Mathæus Ottesen og hustru Christine Mathea født Thinn. Bror hennar var presten og komponisten Realf Ottesen.

Ottine vart fødd i Sande i Vestfold, men alt i 9-årsalderen kom ho til Trondheim der faren vart prest i Bakklandet kyrkjelyd. Og i Trondheim gjekk ho realskule, men då faren døydde i 1873, flytte ho saman med mora til Kristiania. Her vart ho uteksaminert ved Nissens guvernanteskule i 1877.

Det var i folkeskulen Ottine Ottesen fekk sin arbeidsdag, fyrst som huslærar, og frå 1881 som lærar i Kristiania Folkeskoler. I mange år var ho lærarinne ved Uranienborg skole. Ho var dyktig og godt lika som lærarinne, men sjølv meinte ho at oppgåva hennar ikkje var oppfylt med pliktoppfyllande arbeid i skulestova. Ho samla elevane til foreiningar og møte heime hos seg, og fylgde dei unge kvinnene opp på mange måtar også etter at dei hadde forlate skulen. Også dei fattige og ulukkelege fekk merka hennar hjartevarme, og dette førte til at ho engasjerte seg i den såkalla Kristiania sedelighetsforening og verka her som ”midnattsmisjonær”.

Ottine Ottesen var ein av stiftarane til Lærerindernes Misjonsforbund. Den fyrste starten på dette arbeidet var i heimen hennar. Dette var ei norsk grein av eit større skandinavisk forbund. I fleire år var ho også leiar av Fagerborgs Ungdomsforening, og i Uranienborg Menighetshus leia ho kvinnemøta. Ho var og med i styret for Lærernes Vennekreds i Kristiania. Og kvar veke vitja ho dei sjuke på Rikshospitalets kvinnelege hudsjukeavdeling.

Frøken Ottesen var ein varm misjonsven som søkte å vekkja og pleia spira til eit liv i Gud både hjå born og unge, hjå sjuke og gamle og hjå samfunnets djupast sokne. Likevel fokuserte ho ikkje på alt ho skulle gjera, men såg det som eit heile, som greiner i eit samla arbeid for Jesus.

Den eine kjende salmen etter Ottine Ottesen er ei omsetjing frå tysk, og heiter ”Gud nok lagar dine dagar”, og vart trykt i Stille Stunder, nr 3 1910, om lag 5 år etter forfattarens død.

Omsett salme:

  1. Gud nok lagar dine dagar

Kjelder:

  • Aanestad 1962-1965
  • Kyrkjebok for Sande (nett)
  • Informasjon frå Kyrkjebok for Uranienborg Menighet.
  • Morgenbladet for 12. februar 1905
  • Norske Intelligenssedler for 17. februar 1905
  • Bymisjonæren for 18 februar 1905
  • Menighedsblad for Kristiania for 24. februar 1905.
  • Nynorsk Salmebok
  • Nasjonalbiblioteket, Billedsamlingen

Tilbake til hovudsida




  Leif Haugen

Bricksite.com